Liten spissbukk skoten etter fint overvêrsarbeid av Bonnie.


Liten spissbukk skoten etter fint overvêrsarbeid av Bonnie.









Alle kvelpane blei levert 1-3 juli, og har no fått nye eigarar.
Takkar for positive tilbakemeldingar frå kvelpekjøparane som har gjort sitt for at kvalpane skulle få ein bra overgang til sin nye familie. Me har inntrykk av at det har gått veldig bra for alle og at dei trivest godt i sin nye heim. Det er mykje arbeid med kvelpane dei siste vekene, men også utruleg kjekt.


Kvelpane er no klar for å bli henta av sine nye eigarar om 5-6 dagar.
Har vore hjå veterinær for sjekk i dag, og dei har og blitt mikrochip merka.


Laurdag var fyrste dagen kvelpane var ute.
![]()
![]()
![]()



Kvelpane er no 1 veke, dei er jamne og har hatt god tilvekst.
Dei veg no i gjennomsnitt 650g.

Søndag kveld/natt kom det 4 tisper til verden etter Froligen’s Barack NJ (B)CH N UCH NM-13 og Vossasvarten’s Bocca N UCH. Fødselen gjekk fint, kvelpane var jamne og dei er i fin form.

No er det berre 2-3 dagar til Bonnie kvelpar.

Sundag hadde eg første blodsportreningen i år. Dette gjekk imponerande bra, Bonnie spora seg fint fram til sporslutt der det låg godbitar og ein hjortefot som belønning.
