24. september vart Tikka godkjent ettersøkshund.

Tikka har vore på utstilling på Seimsfoss, Kvinnherad i helga. Ho fekk excellent og andre plass i juniorklassen.🐶🖤

Me var på Dovreutstillingen 20 og 21 juni, og det vart ei vellykka helg😄 Laurdag vart Skogsvarten’s C Tikka (14 mnd) beste tispe på utstillingen, og fekk sitt første cert😄 På sundag blei ho ein god nummer tre av tispene. Stolt!!


Tikka blei beste kvalpen på utstillingen på Gol i dag. Stor stas!
Det var mange flotte hundar der, både svarte og gråe.



![]()
Skogsvarten`s C Tikka var på kvelpeutstilling på Elverum 11. august der ho kom på 2. plass i sin klasse.
Tikka fekk bra kritikk frå dommaren:
– Meget lovende 4 mnd. gammel.
– Vakkert hode, pene øyne og ører.
– Meget bra hals, kropp og hale.
– Meget gode bein, vinkling og bevegelse.
– Utmerket pels og farge.



Pippi blei levert 8 veker gammal. Aiko blei levert 11 veker gammal, sidan det passa best for eigaren.
PIPPI: Eigaren er Roald Lunde frå Leikanger.
AIKO: Eigaren er Jens Erling Bråten frå Jevnaker
So var det tid for besøk på Dyreklinikken. Måndag tok me turen til Sogndal. Litt piping i buret på vegen utover, men so vart dei stille. Likevel hadde dei jammen spydd når me kom til Sogndal. Me lufta dei og gav dei vatn, så kvikna dei fort atte. Dei var rolege og snille når dei fekk vaksina og chipen. Dyrlegen klyppte klørne og. Turen heim gjekk fint, ikkje ein lyd. Trur dei sov heile vegen. Vel heime att var det full fart i garden på plenen.

Kvelpane er sju veker. Tida går jammen fort, og det er ikkje lenge til levering. Dei nyt dagane ute i god temperatur. 
Me skal ha igjen ei tispe, og ho heiter Tikka. Den andre tispa har fått namnet Pippi, og hannkvelpen heiter Aiko 🙂 
Kvelpane kosar seg i finaveret. Håpar alle får ein fine 17.mai 🙂




Kvelpane er no 6 veker. Las dette på hunden.no og tykte det stemte rimeleg bra; «Fram til veke 5 har livet som oppdrettar ofte vore ganske avslappa og ein har følelsen av at alt er under kontroll. Denne følelsen snur drastisk dei tre siste vekene fram til kvalpane kan leverast.» Det er mykje arbeid, men det er verdt det. Å sjå kor fort kvelpane veks og utviklar seg er veldig gjevande, og det er mange fine stunder med kos og moro.

Dei har fått ormekur for tredje gong. Kvalpane et godt, og får mat fire gonger om dagen.

Me har også begynt å køyre bil med dei, slik at dei skal bli vande. Sidan måndag har kvelpane vore på ein køyretur om dagen, både med og utan mamma Bonnie.
