Jippi! Tikka er no utstillingschampion!
Ho fekk sitt tredje CERT på utstillinga til Hedmark Elghundklubb på Bruvoll, då ho vart 2BTK.

Tikka har vore på utstilling på Seimsfoss, Kvinnherad i helga. Ho fekk excellent og andre plass i juniorklassen.🐶🖤

Me var på Dovreutstillingen 20 og 21 juni, og det vart ei vellykka helg😄 Laurdag vart Skogsvarten’s C Tikka (14 mnd) beste tispe på utstillingen, og fekk sitt første cert😄 På sundag blei ho ein god nummer tre av tispene. Stolt!!


Tikka blei beste kvalpen på utstillingen på Gol i dag. Stor stas!
Det var mange flotte hundar der, både svarte og gråe.



![]()
Skogsvarten`s C Tikka var på kvelpeutstilling på Elverum 11. august der ho kom på 2. plass i sin klasse.
Tikka fekk bra kritikk frå dommaren:
– Meget lovende 4 mnd. gammel.
– Vakkert hode, pene øyne og ører.
– Meget bra hals, kropp og hale.
– Meget gode bein, vinkling og bevegelse.
– Utmerket pels og farge.


