B-kull levert

Alle kvelpane blei levert 1-3 juli, og har no fått nye eigarar. 

Takkar for positive tilbakemeldingar frå kvelpekjøparane som har gjort sitt for at kvalpane skulle få ein bra overgang til sin nye familie. Me har inntrykk av at det har gått veldig bra for alle og at dei trivest godt i sin nye heim. Det er mykje arbeid med kvelpane dei siste vekene, men også utruleg kjekt.

kvalpane copyCollage_Fotor copy

Bonnie er drektig

På mandag var Bonnie til dyrlegen på ultralyd. Kor mange kvelpar ho har er litt vanskeleg å seie, men at det er fleire liv i magen er heilt sikkert. Hunden har vore noko slapp siste tida med lite matlyst, og har også kasta opp ein gong.

IMG_0354

Dyrlege Gunnar meiner at den beste måten å telje kvalpar på er ved å kjenne på magen til hunden

IMG_0348

Tid for B-kull

Etter lite oppdateringar på heimesida den siste tida, er det no all grunn til å starte opp att. Den 3. og 4. mars para Vossasvartens Bocca med Froligens Barack, dersom alt går bra vil kvalpane komme tidleg i mai.                                                                                                       Froligens Barack vann NM i bandhund 2013 og vart nr. 8 i NM 2015.                                          Sjå godkjenninga av paringa  her. 

Paring med Barack