Laurdag var fyrste dagen kvelpane var ute.
![]()
![]()
![]()
Laurdag var fyrste dagen kvelpane var ute.
![]()
![]()
![]()



Kvelpane er no 1 veke, dei er jamne og har hatt god tilvekst.
Dei veg no i gjennomsnitt 650g.

Søndag kveld/natt kom det 4 tisper til verden etter Froligen’s Barack NJ (B)CH N UCH NM-13 og Vossasvarten’s Bocca N UCH. Fødselen gjekk fint, kvelpane var jamne og dei er i fin form.

No er det berre 2-3 dagar til Bonnie kvelpar.

Sundag hadde eg første blodsportreningen i år. Dette gjekk imponerande bra, Bonnie spora seg fint fram til sporslutt der det låg godbitar og ein hjortefot som belønning.

På mandag var Bonnie til dyrlegen på ultralyd. Kor mange kvelpar ho har er litt vanskeleg å seie, men at det er fleire liv i magen er heilt sikkert. Hunden har vore noko slapp siste tida med lite matlyst, og har også kasta opp ein gong.

Dyrlege Gunnar meiner at den beste måten å telje kvalpar på er ved å kjenne på magen til hunden

Etter lite oppdateringar på heimesida den siste tida, er det no all grunn til å starte opp att. Den 3. og 4. mars para Vossasvartens Bocca med Froligens Barack, dersom alt går bra vil kvalpane komme tidleg i mai. Froligens Barack vann NM i bandhund 2013 og vart nr. 8 i NM 2015. Sjå godkjenninga av paringa her.

Spissbukk skoten 8.november etter bra samarbeid med Bonnie.

Skogsvarten`s Amigo 8 mnd. med på elgjakt, eigar Nils Lannem.

Skogsvarten`s Aicko 9 mnd. med på hjortejakt, eigar Jarle Skarsbø. 
Bukk skoten 25. oktober av jaktkamerat Geir Ove, Bonnie spora hjorten 1/2 time før den blei støkt på posten.
Spissbukk skoten 6. oktober. 