No er kvelpane leveringsklare! Tre kvelpar er alt levert, så no er det berre tre att. Vekene har gått utruleg fort. Det er ein fin tid å ha kvelpar på, då dei kan vere mykje ute å leike.
Kvelpane heiter Togo, Vige, Wilma,Yr, Luna og Tua.
Det blir litt trist og tomt når alle kvelpane reiser.
Torsdag var me til dyrlegen med heile gjengen for vaksinering og chipping. Det gjekk fint.
Kvelpane har fått god trening med bilkøyring. Dei har også møtt fleire andre hundar. Møte med både same og andre rasar har gått veldig bra.
No ventar me på at Tikka skal få løpetid. Sist ho hadde løpetid var tidleg i mars i fjor. Me reknar difor med at ho snart vert paringsklar.
Avlsutvalget godkjente paring med Varg den 3. januar.
«Ny godkjent kombinasjon til parring. Kategori 1 parring. Varg – NO43079/16 og Skogsvarten’s C Tikka – NO42406/19. Varg har 1.premie på jaktprøve og Exc CK fra utstilling. Tikka er NJ(B)CH og NUCH. Samlet HD indeks er 208 og avkom etter denne kombinasjonen vil ikke utvikle arvelig grønn stær. Innavlsgrad beregnet på 6 generasjoner er 1,9 og parring er forventet i januar.»