Pippi blei levert 8 veker gammal. Aiko blei levert 11 veker gammal, sidan det passa best for eigaren.
PIPPI: Eigaren er Roald Lunde frå Leikanger.
AIKO: Eigaren er Jens Erling Bråten frå Jevnaker
Pippi blei levert 8 veker gammal. Aiko blei levert 11 veker gammal, sidan det passa best for eigaren.
PIPPI: Eigaren er Roald Lunde frå Leikanger.
AIKO: Eigaren er Jens Erling Bråten frå Jevnaker
So var det tid for besøk på Dyreklinikken. Måndag tok me turen til Sogndal. Litt piping i buret på vegen utover, men so vart dei stille. Likevel hadde dei jammen spydd når me kom til Sogndal. Me lufta dei og gav dei vatn, så kvikna dei fort atte. Dei var rolege og snille når dei fekk vaksina og chipen. Dyrlegen klyppte klørne og. Turen heim gjekk fint, ikkje ein lyd. Trur dei sov heile vegen. Vel heime att var det full fart i garden på plenen.

Kvelpane er sju veker. Tida går jammen fort, og det er ikkje lenge til levering. Dei nyt dagane ute i god temperatur. 
Me skal ha igjen ei tispe, og ho heiter Tikka. Den andre tispa har fått namnet Pippi, og hannkvelpen heiter Aiko 🙂 
Kvelpane kosar seg i finaveret. Håpar alle får ein fine 17.mai 🙂




Kvelpane er no 6 veker. Las dette på hunden.no og tykte det stemte rimeleg bra; «Fram til veke 5 har livet som oppdrettar ofte vore ganske avslappa og ein har følelsen av at alt er under kontroll. Denne følelsen snur drastisk dei tre siste vekene fram til kvalpane kan leverast.» Det er mykje arbeid, men det er verdt det. Å sjå kor fort kvelpane veks og utviklar seg er veldig gjevande, og det er mange fine stunder med kos og moro.

Dei har fått ormekur for tredje gong. Kvalpane et godt, og får mat fire gonger om dagen.

Me har også begynt å køyre bil med dei, slik at dei skal bli vande. Sidan måndag har kvelpane vore på ein køyretur om dagen, både med og utan mamma Bonnie.

Kvelpane er no fire veker og alle tre kvelpane er friske og fine. Dei har vokse og utvikla seg jamnt og trygt, og me ser forskjell frå dag til dag. Ein kveld blei dei så ivrige at dei nesten kom seg ut av kvelpakassen. Då måtte me bygge på kassen endå meir. Søndag hadde me kvelpane ut for første gong. Det likte dei og har vore ute kvar dag sidan.
Hannkvelpen er ikkje selt endå.

Vossasvartens Bocca (Bonnie) NUCH kvelpa onsdag kveld. Ho fekk to tisper og ein hann etter Nero frå Håggåstuggu NJ(B)CH.
Det var og ein fjerde kvalp, men den var død då den kom ut. Slikt er ikkje moro. Heldigvis er dei tre andre friske og raske. Hannen har noko kvitt på potane. Det same med eine tispa, i tillegg til ein liten kvit flekk i brystet.


Var på ultralyd 25. februar. Fekk bekrefta at det er liv i magen, men kor mange er vanskeleg å seie. Bonnie har vore slapp siste tida og matlysten er heller ikkje på topp. Då blir det kvelping månadsskiftet mars/april. Me gler oss 😀

Då har Nero frå Håggustugu vore på besøk, og det vart paring 28. januar. Om paringen var vellukka, blir det kvelping i månadskiftet mars/april.



Bocca (Bonnie) i 2011
Ny godkjent kombinasjon til parring. Kategori 1 parring. NO38498/11 Nero frå Håggåstuggu og NO36235/11 Vossasvarten´s Bocca. Nero har Exc fra utstilling og er NJ(B)CH (champ søknad inne). Bocca er NUCH og har 1. premie fra jaktprøve. Samlet HD indeks er 201. Avkom etter denne kombinasjonen vil ikke utvikle arvelig grønn stær. Innavlsgraden beregnet på 6 generasjoner er 3,4 og parring foretas snarlig. Bocca bor hos eier Ole Bjørn Skogheim, 6896 Fresvik. Tlf 99 09 07 12 og e-post ole.b.skogheim@sogn.no