Oppdatering

Kvelpane er no fire veker og alle tre kvelpane er friske og fine. Dei har vokse og utvikla seg jamnt og trygt, og me  ser forskjell frå dag til dag. Ein kveld blei dei så ivrige at dei nesten kom seg ut av kvelpakassen. Då måtte me bygge på kassen endå meir.   Søndag hadde me kvelpane ut for første gong.  Det likte dei og har vore ute kvar dag sidan.

Hannkvelpen er ikkje selt endå.

IMG-4700

Tre friske

Vossasvartens Bocca (Bonnie) NUCH kvelpa onsdag kveld. Ho fekk to tisper og ein hann etter Nero frå Håggåstuggu NJ(B)CH.

Det var og ein fjerde kvalp, men den var død då den kom ut. Slikt er ikkje moro. Heldigvis er dei tre andre friske og raske. Hannen har noko kvitt på potane. Det same med eine tispa, i tillegg til ein liten kvit flekk i brystet.

IMG-4146kvalp.jpg